Hjå Oss

Spisesalen

Spisesalen vår kan romme rundt 150 gjestar til selskap eller buffet. Her serverar vi frukost, lunsj og middag til alle våre gjestar. Spisesalen held ope for middagsservering kvar dag, der det blir servert ulike rettar komponert av sesongens råvarer. Det hender spisesalen er stengt nokre kveldar i lågsesong, ta kontakt for å bestille bord og sikre at det er ope.

Peisestugu og bibliotek

I andre etasje finn du peisestugu vår som med sitt gamle interiør skapar ei koseleg ramme rundt selskapet eller møtet om ein ynskjer ein plass for seg sjølv. Biblioteket som ligg innafor peisestugu egnar seg godt for mindre møter eller middagar inntil åtte personar. Peisestugu og biblioteket er ellers ope for alle våre gjester som ein stad kor du kan sitja og nyte ei god bok eller samtale med selskapet ditt.

Dr. Garmos

Dr. Garmos er den store baren i kjellaren. Her har vi arrangement og ofte er bryllaupsdansen her nede. Scene og lydanlegg. Det er og mogleg å leige Dr. Garmos; ta kontakt med resepsjonen.

Gaukstadstugu

Fossheim har eit staseleg tun sett saman av sjølve hotellbygningen, fleire små tømrahus og lokala til Fossheim Steinsenter.

Spesielt stolte er vi av stasstova vår, Gaukstadstugu, som er eit av dei best bevara tømrahusa frå 1600-talet i heile Noreg. 

I Gaukstadstugu tek vi i mot småe bryllup, barnedåpar eller selskap. Stugu gjev ei fin ramme rundt selskapet og kan væra ei stemningsfull avslutning på ein kveld hjå oss

Urtehagen

Urtehagen er uteserveringa vår med trivelege sitjeplassar og glimrande utsikt utover Lom og Lomseggen. Kring sitjeplassane veks nyttevekster av ulike slag. Ein sildrande bekk gjev ei god stemning i varme sumardagar.

Vinkjellaren

I kjellaren under Gaukstadstugu lagrar vi den beste vinen vår! Her har vi og ein triveleg peis og eit massivt langbord der vi kan ha smakingar av ulike slag, det være seg vin, øl, akevitt eller kanskje ostar?

Trivlege Stunder og selskap

Skal du feire ein stor dag? Ha konfirmasjon, barnedåp, 60-årslag eller bryllaup?

Her på Fossheim har vi lange tradisjonar med å arrangere trivlege stundar og selskap, og har fleire lokale som kan brukast, alt etter type selskap og kor mange menneske som skal delta.

I Peisestugu kan ein ha ein velkomstdrink, eller kaffe etter middagen, i spisesalen kan vi dele opp lokalet i to rom ved behov, og i baren nede kan ein ta seg ein svingom etterpå. Eller kanskje det kan friste med eit lite selskap i stasstova vår på tunet, Gaukstadstugu?

Kjøkenet vil gjerne planlegge menyen med deg og vertskapet kjem gjerne med idèar til alt frå drikke til maten, bordoppsett og pynt. -Slik at DU får det akkurat slik du ynskjer.

Bryllaup og Gjestebod

...For verda er du kanskje berre eit enkelt menneske, men for eit menneske kan du vera heile verda....

Velkomen til fagre Lom og Fossheim Hotell for å feire kjærleiken.

Jotunheimen og Lom vil gje dykke ei unik ramme kring den store dagen. Stavkyrkja i Lom, djupe dalar og høge fjell er nokon av dei mange høva de har i vårt vakre landskap.

For informasjon om bryllaup i stavkyrkja ta kontakt med kyrkjelydssekretær i Lom Kommune på tlf. 61 21 73 39 eller på epost: kyrkjelydssekreter@lom.kommune.no

Hår og sminke hjelp dei dyktige jentene på Hårloftet ( tlf.61 21 19 50 eller Tuppæin frisør (902 89 171) dykk med.

Vi kan tilby bryllaupspakkar frå 2 til 120 personar. 

Pakkane kan inkludere:

  • Aperitiff
  • Fingermat
  • 4 retter meny
  • Kaffe
  • Nattmat

Julestemning

Det er ingenting som gjev slik fred i sjela som å sjå «sjogen» lave sakte ned og leggje seg på kornbanda som heng på inngangsdøra og smelte på lyktene med tente ljos på trappa.

Vi er svært glade i jula på Fossheim, og arrangerar julebord dei fleste helgane frå slutten av november og fram til jul.

Julelunsj har vi på sundagar, og menyen på kvelden i vekane før jul er også inspirert av klassisk julemat.

Ta gjerne kontakt for eit tilbod dersom du vil feire med kollegaer, vener eller familien på Fossheim

E-post: resepsjon@fossheimhotel.no    Tlf: 61219500

Leige av lokale

Dersom du treng lokale til eit eige arrangement, er det også mogleg. Ta kontakt med oss så kan vi syne deg rundt i dei ulike lokala!

Kontaktinformasjon:

E-post: resepsjon@fossheimhotel.no

Telefon: 61 21 95 00

Designed by Horn Media 2017