17. Mai på Noregs tak

Kva er meir nasjonalromantisk enn 17. mai-feiring på Noregs høgaste fjell? Ta turen til toppen av Noreg, med ei kulinarisk oppleving på Fossheim.

Guidane tek dykk med til toppen av Galdhøpiggen. Turen går fra Juvasshytta. Utsikta frå toppen er formidabel! Denne turen vil seint bli gløymt!

Generelt for turen:

Dykk køyrer i eigen bil til Juvasshytta (45 min. køring). Oppmøte på Juvasshytta kl 9.30. Turstart kl 10.00.

Felles 17.mai ski-tog til Galdhøpiggen. Gratis tur til alle som vil væra med. Dette er ein skitur der vi går med guidar frå Juvasshytta over Styggebreen. Etter breen set vi att skia i "piggeura" og går til fots til toppen. Det er ingen spesielle krav til skiutstyr. Vanlege fjellski er mest brukt, men vi har med mange på langrenn/turlangrennski og. Dersom du brukar langrennskisko, bør du ha noko å dra utanpå som ullsokkar e.l. da desse skoa ofte har ein noko glatt såle. Turen er 11,6 km lang og tek om lag 5 timar.

Hugs flagg!

Kr. 2800,- pr pers i dobbeltrom, enkeltromstilegg Kr. 560,-

Prisen inkluderar dagens 3 retters meny dag 1 og overnatting. Frokust med smøring av nistepakke og påfyll av termos. Dykk kjøyrer i eigen bil til Juvasshytta. Føring i felles 17.maitog til Galdhøpiggen, 6 retters Fossheim meny og overnatting dag 2. Frukost og avreise dag 3

Bestill på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no