Pensjonistgrupper, lag og foreiningar 2018

Måndag til torsdag veke 7-24 ynskjer vi lag og foreningar velkomen til Fossheim hotell

på overnatting, mat, historieforteljing om Lom og hotellet

På Fossheim kan du kose deg med mat frå eit av Noregs beste kjøken. Vi tenkjer lokalt og nyttar i størst mogleg grad råvarar frå lokale gardar , friske fiskevatn og vidstrakte fjellvidder.

Vi har bussparkering rett utanfor hotelldøra og gratis internett til våre gjestar! HC tilpassa rom, heis i hovedbyggningen.

Tilbod:

2 rettar varm lunsj og historieforteljing kr. 295,- pr. person. Hotellvert Svein Garmo fortel gjerne om Lom og historia til Fossheim hotell frå 1897 og fram til i dag.

Vår nærmaste nabo Fossheim Steinsentret har gratis inngang til museum og butikksal.

Kaffe og rømmevaflar I erverdige Gaukstadstugu, kr. 75,- pr. person.

Ei tømmerstugu frå 1600 talet på tunet bak hotellbygningen. Vi fyrar på peisen og lovar god stemning. Historieforteljing ved hotellvert Svein Garmo om ynskjelig.

Vår nærmaste nabo Fossheim Steinsentret har gratis inngang til museum og butikksal.

Mat, historieforteljing og overnatting: Dobbeltrom pr. pers kr: 1075,-  Enkeltrom kr. 1345,-

Dag 1: ankomst til 2 rettar varmlunsj, historieforteljing med hotellvert Svein Garmo,

Utforske Lom på eigenhand. 3 retter gourmet middag.

Dag 2: frukostbuffet før avreise.

Guida Bergomsrunde, kr. 100,- pr. pers

Varighet på 1 time. Lett fottur i sentrum av Lom, Nasjonalparklandsbyen.

Kartoversikt, meir informasjon: http://www.lom.kommune.no/getfile.php/2365550.922.qbesbycydr/Turkart+Lom+nasjonalparklandsby_norsk_lr.pdf

Påmelding til resepsjon@fossheimhotel.no eller 61 21 95 00

Vi ynskjer Dykk alle eit minnerikt opphald hos oss på Fossheim hotell i sentrum av Lom!