Haustferietilbod 2017

God mat, frisk luft og gode senger, kva med å leggje haustferien til Lom? 

Fossheim hotell er eit ypperleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen, kulturvandring og landsbyvandring.  Her finn du alternativ for folk i alle aldre og med ulik fysisk form. I resepsjonen tilbyr vi tips til turar og gratis kart til våre gjestar.

Ved bestilling på førehand guider firma Aktiv i Lom over Bøverbreen og på spennande grottetur i Dumdalen.

Galdhøpiggen klatrepark er artig for både små og store. 

Alt er i gåavstand eller kort køyretur frå hotellet.

Prisoversikt for 2 døgn inkludert frukostbuffèt og 3 retter gourmet middag.

Dobbeltrom økonomi for 2 personar kr 1600,-

Enkeltrom økonomi kr 1200,-

Ekstraseng på rommet kr 195,- pr.person.

For større menyar sjå oversikt under mat og drikke her på vår heimeside.

Bestill på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no