Julebord og Julelunsj

Nyt førjulstida med gode vener og kollegaer, og sit att med ei oppleving lik inga anna. Fossheim Hotell er eit familiedrive hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom. På Fossheim er vi opptekne av å halde tradisjonar vedlike og vi er utruleg stolte av kulturarven vår, både når det gjeld byggeskikk, interiør og matlaging.

JULEBORD:

Vår klassiske julebuffet laurdag 25. november(fullbooka), 2. desember(fullbooka) og 9. desember(fullbooka) kl 19.30-21.30. Kr 595,- pr. person 

Etter mat spelar Øyvind Moe og Rune Kjørren opp til dans i baren Dr.Garmos i kjellaren eller dykk kan nyte ei rolegare omgjevnader framfor elden i peisestugu.

* * *

Ein eigenkomponert julemeny fredag 1, 8. og 15. desember og laurdag 16. desember kl 19.00-21.30

3 rettar julemeny kr. 465,- pr. person

4 rettar julemeny kr. 565,- pr. person

5 rettar julemeny kr. 705,- pr. person

* * *

Aperitif/avec fra kr. 80,-

JULELUNSJ:

Ein bugnande julebuffet sundag 3.(fullt) og 10. desember(fullt), torsdag 14. desember(kun ledig kl 15-17), fredag 15. desember og laurdag 16. desember kl 13.00 -17.00. 

Kr. 345 pr. person. Barn under 12 år 1/2 pris. Barn under 4 år gratis.

Overnatting for lunsj- og julebordsgjestar:

Enkeltrom kr 630,- inkludert frukost

Dobbeltrom kr 700,- inkludert frukost

Bestilling på tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no