Matkurshelg 3. - 5. november

Tenk deg ei helg full av lukt, smak, oppleving og inntrykk. Fylle opp med kunnskap om mat og matkultur om dagen, slappe av med god mat og drikke på kvelden. Slik er det på matkurs sjå oss!

Fossheim hotell og Brimibue i Lom har skreddarsydd ei matkurshelg for grupper og enkeltpersonar. Minimum 10 deltakarar!

Litt om kurset: Fredag kl 21.00 samlast alle som har høve i peisestugu på Fossheim hotell til ein prat med kurshaldarar Per Olav Hurv og Nils Flatmark fra Brimibue. Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo vil også helse på.

Etter frukost laurdag startar kurset kl 10.00 på Brimibue, to minutt gange fra hotellet.

Kurset "Ein smak av Jotunheimen" tek for seg råvarer frå fjellheimen rundt oss. Både fisk, viltkjøtt og dessert. Forskjellige smakar og teknikkar. Det blir lunsj på Brimibue under kurset.

Etter endt kursdag kl 15.00 er det spasertur til hotellet eller om dykk vil kan dykk utforske butikkane i sentrum av Lom.

Middag kl 19.00 i restauranten på Fossheim hotell.

Helgepakke: kr 2790,- pr.pers i dobbeltrom. Kr 270,- enkeltromstillegg.

Fredag: 3 rettar gourmet middag, samling i peisestugu med kurshaldarar og hotellvert, overnatting.

Laurdag: Frukostbuffet, matkurs, lunsj på kurset, 5 rettar Fossheim meny på kvelden, overnatting.

Sundag: Frukostbuffet før heimreise.

Kurs med 1 overnatting: kr 2010,- pr.pers i dobbeltrom. Kr 270,- enkeltromstillegg.

Laurdag: matkurs, lunsj på kurset, 5 rettar Fossheim meny på kvelden, overnatting.

Sundag: frukostbuffet før heimreise.

Påmeldingsfrist 20. oktober, tlf. 61 21 95 00 eller på epost: resepsjon@fossheimhotel.no

Vi ynskjer Dykk alle velkomne hit til oss på Fossheim hotell og Brimibue og håpar det blir eit både inspirerande og lærerikt opphald!