Romantisk opphald i Lom

I nasjonalromantikkens vogge Lom, ligg alt til rette for ei unik oppleving med din kjære.

Nyt helga med kvarandre. Hand i hand kan de nyte ferske bakevarer frå det unike Bakeriet og Morten Schackenda, vitja den over 800 år gamle stavkjyrkja, ein tur innom Norsk Fjellsenter eller rusle rundt i Presthaugen, eit utandørs bygdemuseum.  

Fossheim og Lom ligg ideelt til for turar i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen, og her finn du turar for alle nivå. Anten du vil ta ein rusletur langs kulturstiane i sentrum eller bestige ein ny topp kvar dag kan vi hjelpe deg på veg til å nå måla dine. Etter endt tur vartar vi deg opp framfor peisen med noko godt i glaset før spisesalen fristar med nydelege duftar som pirrar appetitten.

Kr. 2995 ,- pr pers i dobbeltrom 

Prisen inkluderar 1 flaske musserande på rommet ved ankomst. Fossheims rypemeny dag 1 og overnatting i superior rom. Frokost, 6 retters Fossheim meny og overnatting i superior rom dag 2. Frukost og avreise dag 3

Kontakt resepsjonen for bestilling på resepsjon@fossheimhotel.no eller 61 21 95 00