Vinsmaking/kurs

Vi skreddersyr smaking og vinkurs etter dykkar ynskje, for di bedrift eller deg og dine vener! 

Tema kan væra land, distrikt eller fokus på druetype. Søt eller frisk, billig eller eineståande, mangfaldet er unikt!

Vi kan tilby både vinsmakingar og kurs med mat og vin i kombinasjon.

Vi smakar 4-6 vinar, og smakinga varar 1-2 timar. Minimumsantal er 5 personar. Pris frå kr 295,-

Hotellvert og vinkjennar , Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim. Han er lidenskapeleg oppteken av vin og har ein rikhaldig vinkjellar. Svein har stor omsorg for vinkjellaren sin og han skjenker gledelig av kunnskapensin. Vinsmakinga foregår i vinkjellaren vår, Gaukstadstugukjellaren. Staden gjev ei fin ramme rundt kurset og ein stemningsfull start på kvelden.

Ta kontaktfor meir informasjon og tilbod på vinsmaking. resepsjon@fossheimhotel.no eller 61 21 95 00