Velkommen til

Fossheim Hotell

Heimekosleg og historisk overnatting i Lom med maten i høgsetet
Les merBook nå

Historisk Overnatting

Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom, omkransa av Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Her kan du få overnatting i ei roleg, heimekosleg atmosfære.
I spisesalen vår kan du nyte både norsk tradisjonskost og gourmetmåltid tufta på lokale råvarar med inspirasjon frå både nære og fjerne strøk.
Heidrun Garmo er fjerde generasjon eigar og drivar av Fossheim Hotell. Saman med far Svein og syster Ingrid ynskjer ho og resten av vertskapet at å koma hit skal vera som å koma heim.

Romantisk opphald i Lom 2018

I nasjonalromantikkens vugge Lom, ligg alt til rette for ei unik oppleving med din kjære.
Les meir om pakka ved å trykkje på biletet over.

Matkurshelg 3. - 5. november

Kurset "Ein smak av Jotunheimen" tek for seg råvarar frå fjellheimen rundt oss. Både fisk, viltkjøtt og dessert. Forskjellige smakar og teknikkar.

Matopplevingar og gourmetpakkar

Lom er kjend for sin rike mattradisjon og har fostra nokre av landet sine fremste kokkar.
Les meir om pakkene ved å trykkje på biletet over.

Viltkveld laurdag 28. oktober

Vi dekkjer borda i restauranten og ynskjer velkomen til 4-rettars Viltmiddag. Dessert og kaffe blir servert i Gaukstadstugu dersom dykk ynskjer det!
Se alle pakkene her

Om oss

  • Hotell starta som skysstasjon i 1897 av familien Garmo som framleis driv hotellet
  • Hotellrom i fleire standardar, familierom og to hytter
  • Spisesal med frukostservering, gourmetmåltid og lokalmat. Plass til oppimot 180 gjestar
  • Bar med alle rettigheter, peisestugu, bibliotek og Chambrè Separèe
  • Gaukstadstugu; stasstove frå 1600-talet på tunet
  • Vinkjellar med moglegheit for vin-, øl- og akevittsmakingar
  • Kurskjøken og møterom
  • Dr.Garmos Institutt; Bar med scene og dansegolv
  • Moglegheit for trening i Utgard fleirbrukshus
  • Fleire turstigar i nærleiken.
  • Umiddelbar nærleik til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen
  • Gratis wi-fi
  • Gratis parkering rundt hotellet
  • 500 meter til busstasjonen i Lom sentrum der ekspressbussar frå Bergen, Trondheim og Oslo stoppar.

«Her skal jeg fanden piske meg ikke ende mine dager!»

Dette utbrotet kom frå Thorgeir Garmo då han slengde frå seg reidskapen etter ein lang dag med vatning på eit jorde på Gaukstad ein sein kveld.

Han var nummer sju i syskenflokken på 16, og hadde ikkje mykje å sjå fram til som bygdagut på slutten av 1800-talet. Anten å emigrere til Amerika, eller å skape seg noko sjølv heime i Lom.

Han valde det siste.

Historie

Skysstasjonen

Fossheim vart i si tid bygd av Th. Garmo og kona Embjørg i 1897. Lom har alltid vore eit trafikk-knutepunkt for ferdsel mellom aust og vest, sidan vegen frå Otta går gjennom Lom både over Strynefjellet til Geiranger og Stryn, og over Sognefjellet til Luster og Sognefjorden. Dette skapte grunnlaget for oppstarten av hotellet, som vart bygd som skysstasjon.

Skysstasjonen var ein timbrabygning i to høgder med kvistrom og kjøkenavdeling, to stover og sju soverom.

Driftsbygningane var fjos, låve og stall, og det vart drive både hotell og gard.

Skysstasjonen var i full drift fram til fyrste verdskrigen då dei fyrste bilane kom og tok over for hesteskyssen.

Th. Garmo hadde ein butikk i sentrum i tillegg til skysstasjonen, og han fekk også bygd ei lita hytte på fremste Lomseggen for turglade gjestar.

Fysikalsk avdeling

Under og etter andre verdskrigen vart det større spurnad etter gjesterom, noko som førte til nybygg.

Andre generasjon, Torgeir og Ingrid Garmo hadde nå teke over drifta, og i 1949 reiv dei det gamle hotellet.

Det vart reist eit større nybygg saman med ei gjesteromsavdeling bygd i terasser, bakover frå hovedbygningen.

Torgeir Garmo var utdanna doktor og tannlækjar, og i tillegg til hotell og gardsbruk, var det nå og ei fysikalsk avdeling på hotellet.

Navnet var nå Fossheim Hotell og Kurstad, og den fysikalske avdelinga var drive heilt fram til 1974.

No hadde Fossheim 100 sengeplassar og moderne kjøken og matsal, og stadig fleire gjestar viste si interesse.

"Amerika"

På 50- og 60-talet vart det gjort fleire ombyggingar for å tilpasse seg dei nye turistane, særleg amerikanarane som måtte ha rom med dusj og bad. Ein av bygningane på Fossheim som vart bygd i 1965 blir den dag i dag kalla “Amerika”, og vart som navnet seier bygd for å tekke amerikanske turistar.

I 1970 vart matsalen bygd dobbelt så stor for å passe til kapasiteten på bortimot 150 senger.

Svein

I 1978 tok tredje generasjon ved Svein Garmo over drifta etter at han hadde studert ved Norsk Hotellhøgskule i Stavanger. Ein nyutdanna kokk kom og spurte etter arbeid, og navnet hans var Arne Brimi.

Han vart tilsett som kjøkensjef, og ei ny epoke tok til ved Fossheim.

Fossheim og Arne fekk etter kvart eit namn og ei omtale som har gjort Fossheim-kjøkenet kjent i vide krinsar.

Svein si interesse for vin har teke han til mange besøk på vingardar rundt om, og han kosar seg ekstra om han kan få dele av kunnskapen sin med gjestane.

I 1992 vart det på nytt gjort store arbeid på Fossheim, då heile soveromsfløyen vart ombygd. I 2001 stod eit nytt og moderne kjøken ferdig, og våren 2004 opna vi ein ny og ombygd bar i kjellaren, Dr. Garmo`s Institutt, oppkalla etter doktoren.

I mai 2008 har romma i hovudbygningen på nytt vorte friska opp med nye fargar og ny dekor, og dei har no fått eit meir heimekoseleg og landleg utsjåande.

Heidrun

Heilt frå ho var lita treivst ho best på ein krakk på hotellkjøkenet og ho visste tidleg at det var dette ho ville drive med. Etter ferdig utdanning i

hotelleiing ved Hotellhøgskulen i Stavanger tok ho over som dagleg leiar i 2012. Ho er og utdanna sommelièr, og kjem gjerne med drikkeanbefalingar til måltidet ditt.

Hjå oss

Ta ein kikk på innsida av hotellet og utforsk fasilitetane våre.

Inne på hotellet

Rom og Overnatting

Vi tilbyr rom og overnatting i både hotellrom og hytter. Romma finn du i kategoriane enkeltrom, dobbeltrom, økonomi og superior rom. Hyttene går som familie rom.

Klikk bilete for å sjå ei oversikt over rom vi tilbyr i Amerika bygget

Rom i Amerika bygget

Klikk bilete for å sjå ei oversikt over rom vi tilbyr i hovedbygget

Rom i Hovedbygget

Klikk bilete for å sjå ei oversikt over hyttene vi tilbyr her på Fossheim

Hytter

Mat og Drikke

Vår spisesal er åpen for frukost kvar vekedag fra 07:00 - 10:00, Laurdag og sundag 07:30 - 11:00. Du er hjarteleg velkommen til å nyte vår frokost buffet, om du bor på hotellet eller ei. Vi serverer middag sundag-torsdag 18.30 -21.30, fredag og laurdag 18.00-22.00

Tradisjonell Norsk Mat

You may detect an enticing aroma originating in the kitchen and luring you down into the dining hall. Here you can enjoy food from one of Norway's best kitchens. On summer days you can also enjoy a light meal out in Urtehagen (the herbal garden).

The chefs at Fossheim take uniquely Norwegian traditions to new heights -- a meal in itself is enough reason to pay a visit. Many visitors come to Fossheim precisely for the food - to experience a culinary adventure that will leave lasting memories, and our head chef Kristoffer Hovland is adept at making use of local, seasonal ingredients.

We have a local focus at Fossheim, and integrate local ingredients harvested from surrounding farms, lakes and mountains into our menu. Local foods have become extremely popular, and the local mountains in Lom provide easy access to first-class ingredients for exotic culinary experiences. Integrating only the very best available ingredients, meals are prepared in our own cultural and culinary traditions - all carried out by the trained hands of professional and experienced chefs.

Everyone is welcome to come enjoy a meal together with us - whether you choose an eight-course meal in the dining hall or a salad in Urtehagen. If you would care for some wine, we have an extensive wine cellar, and we import many of the wines ourselves. Hotel owner Svein Garmo is a true wine connoisseur and will more than gladly recommend a bottle perfectly suited to your meal.

Det kan hende kjenner du ei fristande duft frå kjøkenet som lokkar deg ned til spisesalen. Heilt sidan 1978 når hotellvert Svein Garmo tok over drifta av hotellet har fokuset vore mat og bruk av lokale råvarar.

Samen med Arne Brimi som byrja på Fossheimkjøkenet same året som Svein tok over, bygde dei opp det som i dag er eit av Noregs beste hotellkjøken. Vi er opptekne av å nytte mest mogleg lokale produsentar og råvarar, og hauste av nærområdet vårt.

Vår kjøkensjef Kim Joma tykkjer at når du kjem til Lom skal du få smake noko av det som finst her i nærområdet, frå fjell, fiskevatn og gardar. -Gjerne med ein moderne vri. Nye årstider gjev nye råvarar som sjølvsagt må brukast og han tykkjer at filosofien bak Naturens Kjøken som har opprinnelse her er noko ein skal ta vare på.

Spisesalen er open for frukost for både buande og dei som ikkje overnattar sjå oss. Her kan du òg smøre matpakke til dagens tur. Prat med frukostvertane våre, så finn dei fram matpapir og hjelper med fyll av termos.

Kjøkkenet følgjer årstidene og nyttar råvarer knytt til dei ulike sesongane. Her på Fossheim tenkjer vi lokalt og nyttar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. 

Velbekomme!

Vekas Meny

Rypemeny

Denne menyen gjev deg ein smak frå fjellet omkring Lom, og er ein fastsett 4 rettar der kjøkenet ser at du tek heile menyen. Tilbehøret her varierar, har du allergi gje beskjed til servitøren.

  • Spekeskinke frå Skjåk
  • Fjellaure frå Tesse
  • Rype på Fossheim sin måte
  • ‍Moltedessert

Pris u/vin: kr 650,-

Pris m/vin: kr 995,-

Fossheim Meny

Fossheimmenyen er ein 6-rettar der du kan du velje deg alt i frå ein til åtte rettar. Den andre og fjerde retten passar best som hovudrett, men det er ingenting i vegen for å ta begge to. Spør oss gjerne dersom du vil ha litt vegleiing. Velbekomme!

Mousse av laks med lodderogn og salat
  • Inneheld mjølk, egg, kveitemjøl, sulfittar
Krema skalldyrsuppe
  • Inneheld mjølk, sulfittar, skalldyr
Rips-granitè
  • Inneheld sukker
Raudvinsbreserte kalvekjaker med potetmos og grønnkål
  • Inneheld Mjølk, sulfittar, selleri, kveitemjøl
Kraftkar med epleost
  • Inneheld mjølk, rug og kveite mjøl, hasselnøtter, mandler og valnøtter
Snøfrisk kake
  • Inneheld egg, mjølk og kveitemjøl

Kombinasjoner:
  • Hovudrett: kr. 295,-
  • 2 - retters: kr. 395,-
  • 3 - retters: kr. 465,-
  • 4 - retters: kr. 565,-
  • 5 - retters: kr. 635,-
  • 6 - retters: kr. 705,-

Barnemeny

Pannekaker med rømme og syltetøy

  • 60,-

Kjøttkaker med grønnsaker og poteter

  • 85,-

Barnedessert

  • 40,-

Ta kontakt med oss om du har spesielle ynskje som vedkjem ditt måltid hjå oss. Vi vil gjera vårt beste for å oppfylle dine ynskje.

Aktivitetar

SJå våre aktivitetAr her!

Kurs, Konferanse og Grupper

Her på Fossheim har vi lokaler til små møter eller større grupper opp til 60 personer.

Send Forespørsel

Ramma rundt ditt møte skapar ei stemning hjå deltakarane, og saman med deg skreddarsyr vi opplegget for di bedrift.

Vi legg vi til rette for små møter og større grupper på inntil 60 personar.

Vi kan i samarbeid med dei andre overnattingsbedriftane i sentrum, og fleirbrukshuset Utgard huse større tilstelningar for opptil 600 menneske.

Eksempel på kurs/konferansepakker

Dagpakke:
  • ‍Møterom med teknisk utstyr og trådlaust internett.
  • ‍Møteromservering: kaffe, te, isvatn, fruktfat eller kake.
  • ‍2-rettar lunsj

Pris: kr. 450,- pr. pers.

Lunsj til lunsj møte:

Dag 1:

  • ‍2-rettar lunsj ved ankomst.
  • ‍Møterom med teknisk utstyr og trådlaust internett.
  • ‍3 rettar Fossheim meny.
  • ‍Overnatting i enkelt eller dobbeltrom.

Dag 2:

  • ‍Frukostbuffét
  • ‍Møterom med teknisk utstyr og trådlaust internett.
  • ‍Møteromservering: kaffe, te, isvatn, fruktfat eller kake.
  • ‍2 rettar lunsj før avreise.

Pris: kr. 1935,- pr. pers.

Møtefasiliteter:

Senteret

Maks. 60 pers.

Ligg i eige bygg i underetasjen på Amerika med eigen inngang frå parkeringsplassen. Dette rommet kan bli satt opp som ein kinosal eller et klasserom. Som kinosal huser Senteret 60 personer, mens som klasserom huser det 48.

Fasiliteter:
  • Projektor
  • Lerret
  • Overhead
  • Flipover
  • Whiteboard

Dr. Garmos

Maks. 50 pers.

Dr. Garmos ligg i kjellaren på hovedbygget. Trapp ned frå baren, men også eigen inngang frå parkeringsplass. I utgangspunktet nytta som samlingslokale med bar for selskap.

Separèen: Ligg i kjellaren på hovudbygget. Plass til tolv personar rundt eit langbord. Dette er et rom som går i sammenheng med Dr. Garmos.

Fasiliteter:
  • Projektor
  • Lerret
  • Flipover
  • Overhead
  • Musikkanlegg

Biblioteket

Maks. 8 pers.

Biblioteket: i andre etasje i hovudbygget. 

Plass til 8 rundt eit langbord. Kan setjast inn skjerm, projektor, flipover.

Fasiliteter
  • Langbord
  • Mulighet for skjerm
  • Mulighet for projektor
  • Mulighet for flipover

Kontaktinformasjon

+ 47 61 21 95 00

RESEPSJON@FOSSHEIMHOTEL.NO

Fossheim Hotell

Bergomsvegen 32, 2686 Lom,
+ 47 61 21 95 00

resepsjon@fossheimhotel.no

Dagleg Leiar

Heidrun F. Garmo

+ 47 61 21 95 86

heidrun@fossheimhotel.no

Vert

Svein Garmo

+ 47 61 21 95 00

svein@fossheimhotel.no

Kjøkkensjef

Kim Thomas Joma Nerås

+ 47 61 21 95 00

kim@fossheimhotel.no

For å komme til Fossbergom og Lom frå Oslo området, kjør E6 nordover til Otta, ta av til venstre og fortsett opp Ottadalen til Lom. 

Fossbergom er plassert midt i skilje mellom Stryn ( Riksveg 14 over Strynefjellet) Sogn ( riksveg 55 over Sognefjellet) og Aust Noreg. 

I sommarmånadane er dette ein viktig ferdselsveg mellom aust og vest.

Distanser

Oslo: 345km | Bergen: 432km | Fagernes: 148km | Trondheim: 312km | Lillehammer: 175km | Otta: 64km | Stryn: 126km.

Designed by Horn Digital Media 2017