Activities

Friluft

Opplev fiske, kajakk, diskgolf, ridning, sykling, klatring, zipline og skiturar i Lom.

Fiske

Vi har mange fine fjellvatn, og mykje fin fisk på Skim, området der elva Bøvra møter Ottaelva rett utanfor Lom sentrum.

Informasjon om fiskereglar og kort finn du her:

Kajakk/kano

Aktiv i Lom har utleie av kajakk og kano i Lom:

Gjeilo camping har og utleie av kano og kajakk

Diskgolfbane

For sendeplåte(frisbee)er bane både i Bøverdalen og i Skjåk! Besøk Flåklypa Sendeplatelag på Facebook profilen deres.

Ridning

Raudbergstulen og Fjelleventyret tilbyr dei ridning.

Vassport

Skjåk Adventure, 15 min kjøring fra Lom

Sykkel

Sti:

Det finnes fleire stigar rundt Lom det går an å sykle på, dersom ein er litt erfaren som stisyklist.

Veg:

Det er fleire sykkelritt som går gjennom Lom, og her ligg ei lenke til ein syklistblogg med mykje bra informasjon om ulike sykkelrutar rundt Lom:

Aktivitetsparken

Rett ved riksveg 15 i Lom Sentrum ser du eit stort klatretårn. Her finn du Aktiv i Lom sin aktivitetspark der ein kan klatre, hoppe i gyrotrampoline, vanleg trampoline, skate eller spele minigolf. I 2017 åpna ei tråbil bane for ungar, og ei cross sykkelløype på området.

Zipline

Med Aktiv i Lom kan du kjenne på adrenalinrushet med ein tur under brua og over sjølve Prestfossen i ein sele på ei line!

Langrenn

Mange fine oppkjørte løyper kan du finne mot Lemonsjøen, i Lia og i Visdalen blant anna.

På vår-parten er det og mogleg med langrenn på Sognefjellet i shorts og solskin! -Spør i resepsjonen så får du tips og kjøreinstruks.

Alpine skiturar

Om du vil gå på fjellski, randonnè eller splitboard er opp til deg. Men fjell å gå på finn dunok av i Lom!

Leirdalen er eit perfekt utgangspunkt for mange flotte turar.

Om vegen er brøyta heilt til Krossbu på vinteren er dette også eit kjempefint utgangspunkt.

Mot Strynefjellet kan ein også reise, og om været er dårleg i den retningen kan ein ta turen mot Valdresflya.

Hugs å kose deg like mykje på tur oppover som nedover, og at ein ikkje alltid må på toppen for å få ei flott oppleving og fine svingar i sjogen.

Vi hjelp gjerne til med å skaffe guide til turen dersom du vil ha det!

Visit Jotunheimen har mykje informasjon og turbeskrivelsar på ski i området vårt.

No items found.
Referanser

Kva gjestane våre seier

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.