Fossheim Hotell

Om Fossheim Hotell

Fossheim Hotell, som vart starta som ei skysstasjon i 1897 av familien Garmo, som framleis driv det, tilbyr hotellrom i fleire standardar, inkludert familierom og to hytter. Spisesalen serverer frukost, gourmetmåltid og lokalmat med plass til opp mot 180 gjestar, og på tunet finn ein Gaukstadstugu, ei stasstove frå 1600-talet. Hotellet har òg ein bar med alle rettar, ein peisestove, eit bibliotek og Chambré Séparée, samt ein vinkjellar der det blir arrangert smakingar av vin, øl og akevitt.
Om oss

«HER SKAL JEG FANDEN PISKE MEG IKKE ENDE MINE DAGER!»

Dette utbrotet kom frå Thorgeir Garmo då han slengde frå seg reidskapen etter ein lang dag med vatning på eit jorde på Gaukstad ein sein kveld. Han var nummer sju i syskenflokken på 16, og hadde ikkje mykje å sjå fram til som bygdagut på slutten av 1800-talet. Anten å emigrere til Amerika, eller å skape seg noko sjølv heime i Lom. Han valde det siste.
Informasjonssymbol
Vår historie

Skysstasjonen

Fossheim vart i si tid bygd av Th. Garmo og kona Embjørg i 1897. Lom har alltid vore eit trafikk-knutepunkt for ferdsel mellom aust og vest, sidan vegen frå Otta går gjennom Lom både over Strynefjellet til Geiranger og Stryn, og over Sognefjellet til Luster og Sognefjorden. Dette skapte grunnlaget for oppstarten av hotellet, som vart bygd som skysstasjon. Skysstasjonen var ein timbrabygning i to høgder med kvistrom og kjøkenavdeling, to stover og sju soverom. Driftsbygningane var fjos, låve og stall, og det vart drive både hotell og gard. Skysstasjonen var i full drift fram til fyrste verdskrigen då dei fyrste bilane kom og tok over for hesteskyssen.Th. Garmo hadde ein butikk i sentrum i tillegg til skysstasjonen, og han fekk også bygd ei lita hytte på fremste Lomseggen for turglade gjestar.
Vår historie

Kurstad

Under og etter andre verdskrigen vart det større spurnad etter gjesterom, noko som førte til nybygg. Andre generasjon, Torgeir og Ingrid Garmo hadde nå teke over drifta, og i 1949 reiv dei det gamle hotellet. Det vart reist eit større nybygg saman med ei gjesteromsavdeling bygd i terasser, bakover frå hovedbygningen. Torgeir Garmo var utdanna doktor og tannlækjar, og i tillegg til hotell og gardsbruk, var det nå og ei fysikalsk avdeling på hotellet. Navnet var nå Fossheim Hotell og Kurstad, og den fysikalske avdelinga var drive heilt fram til 1974. No hadde Fossheim 100 sengeplassar og moderne kjøken og matsal, og stadig fleire gjestar viste si interesse.
Informasjonssymbol
Vår historie

"Amerika"

På 50- og 60-talet vart det gjort fleire ombyggingar for å tilpasse seg dei nye turistane, særleg amerikanarane som måtte ha rom med dusj og bad. Ein av bygningane på Fossheim som vart bygd i 1965 blir den dag i dag kalla “Amerika”, og vart som navnet seier bygd for å tekke amerikanske turistar. I 1970 vart matsalen bygd dobbelt så stor for å passe til kapasiteten på bortimot 150 senger.
Vår historie

Svein

I 1978 tok tredje generasjon ved Svein Garmo over drifta etter at han hadde studert ved Norsk Hotellhøgskule i Stavanger. Ein nyutdanna kokk kom og spurte etter arbeid, og navnet hans var Arne Brimi. Han vart tilsett som kjøkensjef, og ei ny epoke tok til ved Fossheim. Fossheim og Arne fekk etter kvart eit namn og ei omtale som har gjort Fossheim-kjøkenet kjent i vide krinsar. Svein si interesse for vin har teke han til mange besøk på vingardar rundt om, og han kosar seg ekstra om han kan få dele av kunnskapen sin med gjestane. I 1992 vart det på nytt gjort store arbeid på Fossheim, då heile soveromsfløyen vart ombygd. I 2001 stod eit nytt og moderne kjøken ferdig, og våren 2004 opna vi ein ny og ombygd bar i kjellaren, Dr. Garmo`s Institutt, oppkalla etter doktoren. I mai 2008 har romma i hovudbygningen på nytt vorte friska opp med nye fargar og ny dekor, og dei har no fått eit meir heimekoseleg og landleg utsjåande.
Vår historie

Heidrun

Heilt frå ho var lita treivst ho best på ein krakk på hotellkjøkenet og ho visste tidleg at det var dette ho ville drive med. Etter ferdig utdanning i hotelleiing ved Hotellhøgskulen i Stavanger tok ho over som dagleg leiar i 2012. Ho er òg utdanna sommelièr, og kjem gjerne med drikkeanbefalingar til måltidet ditt.
Vår historie

Ingrid

Ingrid har prøvd litt av kvart før ho kom heim til Lom og byrja å jobbe fast på hotellet i 2012. Design, interiør, form og farge er noko ho likar å drive med, og som vi nyt stor glede av på hotellet. Stadig dukkar det opp småe omgjeringar og nye detaljar som er med på å skape den unike atmorfæra på hotellet. Og med sitt vinnande vesen tek ho vel imot deg både i resepsjonen og i spisesalen.
Referanser

Kva gjestane våre seier

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.