Activities

Kulturreise

Opplev Lom som nasjonalparklandsby med attraksjonar som Lom stavkyrkje, Norsk fjellsenter, Storstabburet, Lom bygdamuseum, Fossheim steinsenter og den idylliske Presthaugen.

Lom Nasjonalparklandsby

Fossberg er det opprinnelege, lokale namnet på Lom sentrum. Namnet kjem av at det stakk fram nakne berg fleire stader der bygdasenteret etter kvart voks fram. (Foss)Bergom er dativ fleirtalsform.

Frå Fossheim kan du vandre mellom dei forskjellige atraksjonane, stikke innom butikkane og det vidkjente bakeriet i Lom eller prøve det tradisjonsrike kafemiljøet i Lom sentrum.

Den 27. februar 2008 vart Lom Kommune utpeikt som ei av 23 nasjonalparkkommunar, og Fossbergom fekk status som nasjonalparklandsby. Det er i dag 5 nasjonalparklandsbyar i Noreg.

Litt av kva du kan sjå i Lom

Desse er merka av på kartet over Bergomsrunda. Sjå på kartsida eller last det ned her:

Lom Stavkyrkje

Lomskyrkja er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå 1170 og er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Korbogen og preikestolen er forma av den kjende treskjeraren Jacob Sæterdalen.

Loar

Dette er den gamle Prestegarden i Lom. Gjennom dei siste 50 åra har dette vore skuleanlegget i Lom heilt til den nye barneskulen vart bygd. Sjølve bygget husar nå stavkyrkjesenter og Lom bibliotek som vart årets bibliotek i 2012.

Steinfjoset er den einaste originale bygningen som står att etter at området var prestegard i Lom. Steinfjoset er eineståande i sitt slag i Noreg.

Norsk Fjellsenter

Fjellsenteret har som hovudmål å synleggjera kva fjellet har betydd og fortsatt betyr for menneska. Museet er autorisert informasjons-senter for Jotunheimen nasjonalpark.

Ombygd og nyåpna i 2015 og framstår nå som eit naturleg samlingspunkt og infosenter for turglade folk som er interessert i naturen rundt oss.

Storstabburet

Storstabburet frå 1500-talet er det største i landet. Det var kornmagasin og lagerplass for tiende, og ligg på sin opphavlege plass. Storstabburet er nå ein del av Lom Bygdamuseum og vert brukt til utstillingar.

Lom Bygdamuseum / Prestehaugen

Museet ligg i Presthaugen, som er eit friluftsområde i sentrum av Lom. Museet er bygd opp slik vi ville ha funne ein gard i Lom for om lag 150 år sidan, og gjev eit godt bilete av byggjeskikken og verksemda i det gamle sjølvhus-haldet. Museet har og husmanns-plass og seter, båe viktige delar av gardsmiljøet i Lom på 1800-talet. Restaurert vassveg i museums-området.

Lom Sentrum og Vassvaglen

Lom sentrum har vore kåra til det finaste innlands sentrumet i landet. Fossbergom er eit lite og intimt sentrum med eit yrande folkeliv om sommaren. Det har heile tida vore ei bevist haldning til byggestil og fargebruk, noko som har skapt ei heilt spesiell atmosfære.

Vassvaglen vart reist av Lom kommune i 1985. Eit gamalt ordtak i Lom seier "Gjev Vårherre oss sol, skal oss skaffe væte sjølve". Vassvaglen skal minne om korleis vatnet vart ført i trolag (vassrenner) frå vassvegane til åker og mark på kvart gardsbruk i bygda.

Fossheim Steinsenter

Geologisk museum med den største utstillinga av norske mineral- og smykkestein i landet. Butikk/verkstad og møteplass for steininteresserte frå mange land. Thulitt - Noregs nasjonalstein - vert utvunne i Lom.

Bøvra, Prestfossen og Utleggsbrua

Bøvra er ei typisk breelv med svært stor massetransport og store variasjonar i vassføringa. Bre-erosjonen og avsmeltinga i fjellet set preg på elva.

Utleggsbrua vart bygd i 1990/91. Den knyter saman turveg-nettet i og rundt sentrum og fram-hevar det ville og vakre landskapet der Bøvra stupar seg utfor Prestfossen. Utleggsbrukonstruksjonen er svært gamal, og vi må truleg attende til førre hundreåret for å finne denne konstruksjonen i aktiv bruk. Opphavleg har det vore ei utleggs-bru om lag på same plassen, og den nye brua trekkjer linene attende til tidlegare tider på ein fin måte.

No items found.
Referanser

Kva gjestane våre seier

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.