Gode tilbod

Galdhøpiggen & Fossheim Hotell 2025

Ta turen til toppen av Norge. Med ei kulinarisk oppleving på Fossheim. Alle detaljar finn du ved å trykkje på biletet over.
7/5/24

Ta turen til toppen av Norge! -Med ei kulinarisk oppleving på Fossheim.

Turen går frå Juvasshytta, og er beregna til ca 6 timar tur/retur.
Utsikta fra toppen er utruleg! Denne turen vil seint bli gløymt!

Generelt for turen:

Dykk køyrer i eigen bil til Juvasshytta (45 min. køyring). Oppmøte
på Juvasshytta 09:30. I høgsesong går det også buss frå sentrum til Juvasshytta.

NB! Dykk må sjølve bestille plass på turen frå Juvasshytta her,
kr. 400 pr. person / kr. 380,- pr. barn 7-15 år.
*NB! Denne billetten kjem i tillegg til pakkeprisen!

Eller dykk kan bestille dykk eigen guide hjå ein av aktivitetsselskapa i Lom.

Turen startar frå Juvasshytta. Førarane
kjem ut rett før oppmøte, og det blir gjeve felles informasjon. Selar blir delt ut og
tilpassa den enkelte. Barn brukar kroppssele, og desse krev litt mer justering.
Guidane organiserar dette.

  • ‍Det er ca 15 km tur-retur, og tar 6-7 timer.

Vi har lånt denne utstyrslista frå dei
som kan dette best; Juvasshytta og guidane der:

  • Gode sko, fjellsko o.l.
  • (ikkje joggesko!) Fjellsko kan leies på Juvasshytta
  • Har du gamasjer er det
    fornuftig å bruke - særleg tidleg i juni/juli
  • Solbriller
  • Lue
  • Vottar
  • Solkrem
  • Ytterklede som er regnavstøytande/vindtett.
  • Skift
  • Temos eller flaske med drikke. Niste

Prisliste:

Per person i dobbeltrom: Kr 3560,- + guide billett

Per barn (u.12 år)i ekstraseng: Kr. 1415,- + guide billett. (barn 7-15 år)

Turer

Daglig breføring fra Juvasshytta til Galdhøpiggen 1. juni – 15. september 2025. avgang kl 10.00.

Inkludert i prisen er:

-Innsjekk frå kl.15.00, utsjekk kl.12.00

-Overnatting to netter i dobbeltrom

-Frukost to dagar

-3-rettar Fossheim meny dag 1

- Nistepakke som dykk smører sjølv under frukosten

- Fylling av medbragt termos

- 3 rettar Fossheim meny dag 2

- Hunderom kan kjøpast for 200,- (bestilling på førehand. begrensa antal rom tilgjengeleg for hund)

Dette er ikkje inkludert:

- Transport tur/retur Juvasshytta -
-føring i felles tauglag til Galdhøpiggen (Betales på Juvasshytta kr. 400 voksen / kr. 380 barn 7-15 år).

For bestilling trykk her eller kontakt resepsjon@fossheimhotel.no / Tlf 61 21 95 00

GOD TUR!

Referanser

Kva gjestane våre seier

Bestill

Bestill ditt historiske eventyr i dag

Opplev ekte norsk gjestfriheit på Fossheim Hotell! Bestill overnatting i historiske omgjevnader med lokal mat, turstiar og nasjonalparkar i nærleiken. Vel mellom familierom, hytter eller våre unike romstandardar.